-Vi har lenge undra oss over korleis vi best kan nå ut til ungdom, seier leiar for Ung kultur, Øystein Skattebu. - Vi trur vi har funne det verktøyet vi har vore på jakt etter, og håpar det vil bidra til at fleire blir kjent med tenestene våre og kva som finst av tilbod til ungdom i kommunen.
Spesielt tilpassa for ungdom
Appen er utvikla av Infohub AS, og innhaldet er retta spesielt mot ungdomsgruppa på mellomtrinnet, i ungdomsskulen og vidaregåandeelevar som bur i Øystre Slidre – både med tanke på innhald, språk og oppbygging.
Aya Strand er aktivitetsleiar på Huken ungdomsklubb, og har saman med Øystein hatt ansvaret for opprettinga av appen.
- Ungdomsrådet var tidleg på ballen og anbefalte den, og har også løyva av eigne midlar til etableringa, som i fyrste omgang er eit prøveprosjekt ut 2026. Appen er også kopla tett opp mot Foreningsportalen i Øystre Slidre og sidene lag og foreiningar brukar til å reklamere for sine tilbod. Slik håpar vi også at fleire unge oppdagar Foreningsportalen, og at fleire vel å bruke den aktivt, seier Aya.
Vil begrense bruk av sosiale medier
Kommunen har også eit mål om å begrense bruken av sosiale medier i dialogen med ungdomane, og å samle all informasjon på ein brukarvenleg og tilgjengeleg stad. Målet er å få med alle kommunen sine ungdomstilbod – i tillegg til alt det som blir delt gjennom Foreningsportalen.
Per i dag er ungdomsklubben, kulturskulen, Nettverket E-sportsenter og biblioteket med. Vi har også lagt inn informasjon og kontaktinfo til dei ulike helsetenestene til ungdom, med håp om å senke terskelen for å ta kontakt med helsepersonell ved behov. Innhaldet vil bli utvida etter kvart, der det er planar både for å dele info om sumarjobb for ungdom og kvar ein kan engasjere seg som frivillig.
Tilgjengeleg frå 15.desember
«Ung app» lastast ned frå Appstore eller Google play. Den er gratis i bruk, og ein må ikkje å registrere seg som brukar. Appen er open for alle, og difor også eit godt verktøy for å følge med på kommunen sine tenester kring ungdom sine fritids- og helsetilbod, m.m.
-Vi kan også bruke appen til å ta påmelding til enkeltarrangement, og vi har høve til å sende pushvarsel om nytt innhald til brukarene når vi har behov for det. Vi håpar mange ynskjer å bruke den, avsluttar Aya.
Øystre Slidre kommune