Ledige lokalar ved Løken Gård i Volbu

Er du eller di verksemd på utkikk etter kontorplass eller lagerlokale? På Løken Gård i vakre Volbu har vi ledige lokaler i ulike storleikar til leige.

Lokala passar godt for småbedrifter, handverkarar, nettbutikkar eller andre som treng fleksible løysingar for kontor og/eller lagring, både kaldt og varmt lager. 

Eigedommen er open for alle som ønskjer å drive verksemd i området, uavhengig av om dei har landbruksbakgrunn eller ikkje. Vi ønskjer å skape eit mangfaldig og levande miljø der både fjellbønder og andre leigetakarar kan trivast og bidra til lokalsamfunnet.

Om Løken Gård og lokala

Her finn du meir informasjon om Løken Gård og lokala.