Leikeplassar
Røykjeforbodet gjeld på leikeplassar der allmenta har tilgang. Med leikeplass meiner ein eit område, opparbeidd eller naturleg, som er tilgjengeleg og tilrettelagt for barn sin leik. Leikeplass som berre er tilgjengeleg for ein avgrensa krins av personar er ikkje omfatta av røykjeforbodet. Døme på dette er burettslag og sameige, føreset at det går tydeleg fram at allmenta ikkje har tilgang (ved skilt, inngjerding eller liknande).
Utandørs idrettsområde
Røykjeforbodet gjeld på område utandørs som er opparbeidd for eller tilpassa med det føremålet at det skal brukast til idrett. Dette kan til dømes vere ein fotballbane eller friidrettsbane. Eventuell tilskodarplass på tribunar og sidelinja, samt utandørs garderobar og klargjeringsplass for utøvarar er òg omfatta av røykjeforbodet.
Området der røykjeforbodet gjeld er ikkje avgrensa til ein arena eller stadion, men kan òg omfatte eit mindre areal meint for idrett, som ein liten basketballbane utan avsett plass for tilskodarar. Det er ikkje eit krav at området er inngjerda. Områda skal vere røykfrie òg når dei blir brukte til andre føremål enn idrettsutøving, til dømes konsertar eller markeringar.
Kvar for idrettsområde utandørs er ikkje omfatta av røykjeforbodet
Område som berre er meint å gje folk offentlege rom å opphalde seg i på fritida, til dømes parkar og byrom med bordtennisbord eller bocciabane. Område som er tilrettelagt for fleirbruk, ofte i tilknyting til turområde. Dette kan vere eit friluftsområde som blir brukt til terrengløp, orientering, skiløyper eller frisbeegolf.
Handheving av røykjeforbodet
Det er den ansvarlege for området som skal syte for at røykjeforbodet på leikeplassar og utandørs idrettsområde blir overhalde. Dette kan vere eigar, drivar eller andre som er ansvarlege for området.
Det skal markerast med tydelege skilt at røyking er forbode på stader der det kan vere tvil om dette.
Den ansvarlege for området kan be folk om å slutte å røykje og vise bort personar som røykjer frå området.
Sanksjonar ved brot på røykjeforbodet
Kommunen kan gje pålegg om retting og tvangsmulkt ved brot på røykjeforbodet. Det er den ansvarlege for området som kan få sanksjonar, ikkje den enkelte røykjar. Den ansvarlege for området kan klage på kommunen sitt vedtak til Statsforvaltaren.
Kommunen si rolle
Det er opp til kommunen å vurdere konkret kvar dei ytre grensane for idrettsområde går. Øystre Slidre kommune vil sende ut informasjon direkte til dei verksemder som er ansvarlege for område som vil bli berørt av røykjeforbodet frå 01.januar 2026.