Næringsprisen 2023 til Storefoss sag, Montér

Det er ei glede for Øystre Slidre kommune å kunngjere at næringsprisen går til Storefoss sag, Montér. 

Næringsprisen vart delt 14.desember - Klikk for stort bilete Kari Onstad

Prisen vart delt ut 14. desember ved eit bedriftsbesøk av ordførar og kommunestyret.

Om Storefoss

Det vart anlagt sag ved Storefoss rett etter krigen av Ola Jørstad og Engebret Onstad. I 1959 overtok Ola Trandokken som videreutvikla sagbruket. I 2004 overtok dagens eigarar.

Bedriften som vart stifta i 1997 har i dag 15 tilsette i 13 årsverk. Selskapet er i dag eigd av Odd Blomlie og Knut Jørstad. Blomlie er utdanna ingeniør innan konstruksjonsteknikk og er engasjert i den daglege drifta. Jørstad er til dagleg snekkar og gardbrukar.

Hytte-markedet, spesielt på Beitostølen, har vore ei viktig bærebjelke for Storefoss sag. Men og støls- og hytteområda elles i kommunen, landbruket og lokalt næringsliv, samt fastbuande og hytteeigarar er viktige kunder. Breidt utvareutval og positiv utvikling i området har bidrege til å lyfte omsetninga. Selskapet hadde 75 millionar kroner i omsetning i 2022. 

Våren 2017 var dei med i kjeden Montér og sette opp eit nybygg på 800 kvm. som romma butikk, varemottak og kontor. I tillegg kom ein hems over deler av lokalet som skapte ytterlegare utstillingsareal. Frå tidlegare har dei på Storefoss eit trelastlager på 930 kvm. , eit kaldtlager på 450 kvm. og ein plasthall med areal på 300 kvm.

Fleire prisar 

I januar 2020 kunne Montér Storefoss hente heim gjeve prisar frå ei samling på Telenor Arena for over 130 Montér-byggvarehus i landet. Prisen for årets medarbeider gjekk til Sissel Garvik og prisen for beste butikk gjekk til bedrifta.

Fagkompetanse og service

Dei tilsette er viktige brikker, serviceinnstilte og audmjuke tilsette tek i mot kundane. God fagkompetanse og service er bærebjelken i dagens samfunn.

01.mars 2022 avvikla Coop drifta ved Byggmix Heggenes, Montér Storefoss tok over denne avdelinga. Dette resulterte i eit breiare vareutval og større fagmiljø samla under same tak på Storefoss.

Gratulerer med næringsprisen!