Ny kunst til Helsetunet frå Lidar skule

Elevar ved Lidar skule har laga eit bilete som no skal på veggen på Helsetunet. 

Elevar frå Lidar overrakte kunsten til Ingrid og Gina ved Helsetunet.Bildet er fingerhekla av elevane og motivet er løva frå 50-års jubileumslåta til Beitostølen Helsesportsenter. Løva er eit prosjekt som har gått på Lidar skule sidan januar. Vi har fått lov å kopiere løva frå Beitostølen Helsesportsenter.  Vi valde løva fordi Lidar skule og Beitostølen Helsesportsenter har eit samarbeid om skuleavdelinga på senteret. Lidar skule har all si svømmeundervisning der også, seier rektor Sissel Dahle Lie. 

To av dei tilsette ved skulen, Wenche Solbakken og Bente Brendstuen-Rudi har teikna og måla bakgrunnen. Jentene på 7. trinn har lima på alt det dei andre elevane har fingerhekla. Vi er ganske stolte av biletet og håper det kan glede mange på Helsetunet, avsluttar Sissel.