Det vil vera ope to dagar i veka og skal vera eit sosialt møtepunkt for innbyggjarar i kommuna som er over 70 år. Har du ikkje moglegheit til å koma til dagsenteret sjølv, tilbyr vi transport.
«Treffpunkt Heggenes» på Øystre Slidre helsetun ligg i nær tilknyting til Heggenes torg med butikk, frisør, lege og fysioterapi.
Møtepunkt og assistanse til gjeremål
Her vil du få tilbod om eit sosialt møtepunkt, mat og eventuell assistanse til ulike gjeremål som for eksempel handling og følgje til andre ærend rundt Heggenes torg. Du kan kombinere eit besøk på dagsenteret med ærend du har på Heggenes.
Dagsentertilbodet skal vera eit sosialt møtepunkt med tilbod om aktivitetar eller berre ein kaffeprat. Av aktivitetar vi kan tilby vil det kunne variere etter kva interesse deltakarane har, og kunne blir gjennomført både inne og ute. Av uteaktivitetar kan vi nytte sansehager, treningsfasilitetar, bocciabane, frisbee-bane og flott turområde.
Uteområdet ved Helsetunet
Øystre Slidre kommune