Nytt smittetilfelle av Covid -19 i Øystre Slidre

Kommunelege Arild Jacobsen opplyser at det tysdag 3. mars vart registrert eit nytt smittetilfelle i Øystre Slidre. Vedkomande er smitta utanfor kommunen. Det er førebels ikkje kjent om dette er ein mutert virusvariant.

Den smitta personen er no sett i isolasjon. Ingen nærkontaktar er i karantene som ein følgje av dette smittetilfellet.

Sidan starten på pandemien har det til samen vore registrert 13 smitta i Øystre Slidre kommune.