Nytt tilfelle av Covid -19 i Øystre Slidre

Kommunelege Arild Jacobsen opplyser om at det fredag vart konstatert eit smittetilfelle i kommunen. Det er sannsynleg at smitta har oppstått i samband med ei reise til ein annan kommune.

Som ei følgje av dette smittetilfellet er tre personar sett i karantene. Dette er for tida det einaste kjente smittetilfellet i kommunen.