Om planen
Planen skildrar korleis kommunen skal arbeide med busetting og integrering av flyktningar i åra framover. Målet er at personar med flyktningbakgrunn skal få likeverdige tenester, moglegheit til å delta i arbeid og samfunnsliv, og leve sjølvstendige liv i kommunen. Planen byggjer på både nasjonale føringar og lokale erfaringar, og tek utgangspunkt i utfordringar knytte mellom anna til deltaking i arbeidslivet, norskkunnskapar, transport, møteplassar og samordning av tenester.
Innspel frå innbyggjarar
Kommunen ønskjer innspel frå innbyggjarar, frivillige organisasjonar, næringsliv og andre interesserte partar til planforslaget.
Områder vi særskild ynskjer tilbakemelding på:
Satsningsområda
4.1 Haldningar, inkludering og likeverdige teneste
Korleis kan vi få flest mogleg av innbyggjarane med haldningsskapande arbeid?
4.3 Arbeid og sjølvforsørging
Her ønskjer vi særleg innspel frå arbeidsgjevarar om kva som skal til får å inkludere flyktningar i arbeidslivet.
4.4 Tilhøyrsle, samfunnsdeltaking og medborgarskap
Her ynskjer vi spesielt tilbakemeldingar frå frivillige lag- og organisasjonar og enkeltinnbyggjarar. Kva har vi av tiltak i dag som det er viktig å bygge på vidare, og korleis kan vi gjere det? Kva tiltak saknar de for å nå målgruppa?
Her finn du planforslaget
Forslaget til busettings- og integreringsplan 2026 - 2030 kan du lese her
Dokumentet ligg og ute i papirform i resepsjonen på kommunehuset.
Innspel til planen
Innspel til planen kan sendast i e-post til post@oystre-slidre.kommune.no, eller i ordinær post til Øystre Slidre kommune, Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes. Frist for å sende innspel er 15.juli 2026.
Alle innspel vil bli vurderte før planen vert politisk handsama.
Spørsmål?
Har du spørsmål til planen, ta kontakt med kommunen på telefon 61 35 25 00 eller i e-post til post@oystre-slidre.kommune.no