Øystein Skattebu
Opprustinga av uteområdet er etterlengta både for elevane og dei tilsette ved skulen, men er og meint å vere eit tilbod langt utover friminutt og skuletida.
Planen for området baserer seg på innspel frå elevar og tilsette, kommunale råd, politikarar, frivillige lag og andre som ynskjer å nytte området i sine tilbod eller på fritida, og er utarbeida i samarbeid mellom kommunen, landskapsarkitekt Rolf Erik Poppe og byggingeniør Jon Haugen.
Fagernes Anlegg AS er totalentreprenør for prosjektet, som skal innehalde ballbinge, ny sandvolleyballbane, husker, trampoliner, park for eigenvekttrening og sykkelløype. Området blir lyssett, og får eit rikt antal sitteplassar, og eit eige rundt takoverbygg på skuleplassen som elevane kan søkje ly under ved regn eller sterk sol. Prosjektet omfattar også små utbetringar ved Gapahuken og biblioteket, med fleire sitteplassar og sykkelparkering.
Det vil vere ein del anleggsaktivitet i området fram til snøen kjem. Det blir ei pause i arbeidet i vinter, før alt etter planen skal stå klart til bruk i juli 2026.