Oppstart av to trimtilbod i september

Sprek og Glad startar opp att 8. september i gymsalen på ØSUS. Sterk og Stødig startar opp att på Beitostølen Helsesportsenter 10.september. 

Sprek og Glad

Bli med på ei triveleg gruppetrening for alle med fokus på kondisjon, funksjonell styrke og bevegelsesglede. Treninga passar for ulike nivå, og legg vekt på meistring og trivsel.

Kvar og når?

Gymsalen på ØSUS, tysdagar kl.16.00 - 17.00. 

Sterk og Stødig på Beitostølen

Er du litt utsø, over 65 år og kjenner at beina ikkje er så sterke lenger? Ønskjer du å bli sterkare og stødigare? Du er velkommen til å trene i ein av våre treningsgrupper for seniorar, med hovudvekt på balanse- og styrketrening. Du treng ikkje ha noko erfaring med trening frå tidlegare, men du må kunne gå innandørs utan hjelpemiddel.

Etter påmelding vil du bli kontakta av ansvarleg fysioterapeut for ein kort samtale og litt praktisk informasjon. Dette gjer vi for å sikre at gruppa passar for deg.

Kvar og når?

Beitostølen Helsesportsenter, torsdagar kl.12.15 - 13.15.

Påmelding og informasjon

Det er fortløpande opptak til båe trimtilboda. 

Påmelding via SMS eller e-post til frisklivskoordinator Maren, tlf 469 41 295. 
E-post: maren.rakstad.gunderhuset@oystre-slidre.kommune.no

Hugs å skriv kva for tilbod du melder deg på til.

 

Kontaktinfo

Maren Rakstad Gunderhuset
Frisklivskoordinator/fysioterapeut