Mobilnettet fungerer som normalt

Øystre Slidre kommune fekk kl 2325 bekrefta frå Nasjonal kommunikasjonsmyndighet at feilen som oppsto på mobilnettet tidlegare på kvelden nå er retta. 

Alt skal no fungere som normalt.

(Denne meldinga vart publisert kl 2330 den 19. april 2024)

Oppsummering av Fjellstafetten 2018

Fjellstafetten vart i år arrangert for syttande gong. Det er sekstande gong vi registrerer kven som har gått ti toppar eller fleir. Heile  497 personar har vore på ti toppar eller fleir.  Desse får ein kopp med motiv frå Keisaren i premie. Koppane kan hentast i resepsjonen på Tingvang frå 20.des.

  • Dei som no har delteke i Fjellstafetten i fem år og vore på alle toppane kvart år, får ei blå t-skjorte. Dei som har delteke i 10 år og vore på minimum 10 toppar kvart år, får ei raud T-skjorte. Dei som har delteke i 15 år, får ei grå T-Skjorte.
  • Det er trekt ut 24 tilfeldige namn frå bøkene. 12 av dei får eit turkart over Øystre Slidre tilsendt i posten og 12 får ein turkopp i premie.
  • 70 personar har gått 5 toppar på ein dag. Det vart trekt to vinnarar av fruktkorger.  

    11 personar hadde gått 10 toppar på ein dag. Desse får svarte sportsskjorter med gullskrift.

  • Lidar skule er vinnar av skulekonkurransen med 109,2  poeng i gjennomsnitt per elev. 
  • Heggebø barnehage er vinnar av barnehagekonkurransen med 60,8 poeng pr. barn over 3 år.

Vinnarane av skule- og barnehagekonkurransen får kvar si skiferplate med motiv frå Keisaren måla av Lynn Hege Røyne Myrvang. I tillegg får Lidar skule sitt elevråd eit gåvekort på kr. 1500 og Heggebø barnehage eit gåvekort på kr. 500 til kjøp av aktivitetsutstyr.

  • Talet på namn i bøkene:  12506
  • Namna fordelar seg slik:
  1. Sørre Brurskardknappen 1115
  2. Skreofjellet 719
  3. Gråhø 434
  4. Keisaren 1017
  5. Grønekinnkampen 1840
  6. Storberget 756
  7. Brummaknappen 1253
  8. Skreddalsfjellet 913
  9. Skaget 1383
  10. Løkjishøvda 1282
  11. Rennsennberget 1040
  12. Kjølafjellet ved Mellane 754