Oppsummering av Fjellstafetten 2022

Fjellstafetten vart arrangert for 21.gong i 2022.

Årets toppar var

Kvernhøe - Klikk for stort bileteKvernhøe Svein Andrè Svensli Rudi

1. Kvernhøe (1688 moh)

2. Urekkollen (1228 moh)

3. Perstjernhøgde (1180 moh)

4. Heimre Kjølafjellet (1211 moh)

5. Høge berget (1009 moh)

6. Fullsennknatten (1080 moh)

7. Etnlikampen (1040 moh)

8. Nørre Saurshøgde (1052 moh)

9. Løyntjerntinden (1156 moh)

10. Øverliberget (967 moh)

11. Rundemellin (1343 moh)

12. Svarthamar (812 moh)
 

Premiar

Det er 20. gong vi registerer kven som har gått ti toppar eller fleir, og i år var dette 322 personar. Dei får ein asjett med motiv frå Kvernhø i premie. Asjetten kan hentast i resepsjonen på Tingvang, og det vil bli annonsert på kommunen si heimeside og Fjellstafetten si Facebookside når desse er klare for henting.

Dei som no har delteke i Fjellstafetten i fem år og vore på minst ti av toppane kvart år, får ei blå t-skorte. Dei som har delteke i 10 år og vore på minimum 10 toppar kvart år, får ei raud t-skjorte. Dei som har delteke i 15 år får ei grå t-skjorte. Dei som har delteke i 20 år får ei blå t-skjorte.

Skule- og barnehagekonkurransa

Rogne skule er vinnar av skulekonkurransen med 17 poeng i gjennomsnitt per elev.

Rogne barnehage er vinnar av barnehagekonkurransen med 3 poeng per barn over 3 år.

Vinnarane av skule- og barnehagekonkurransane får kvar si skiferplate med motiv frå Kvednhø, måla av Lynn Hege Røyne Myrvang. I tillegg får Rogne skule sitt elevråd eit gåvekort på kr.1500 og Rogne barnehage eit gåvekort på kr.500 til kjøp av aktivitetsutstyr