Oppsummering av Fjellstafetten 2023

Fjellstafetten vart arrangert for 22.gong i 2023.

Årets toppar var:

  1. Raudhamran
  2. Kvernhø
  3. Perstjernhøgde
  4. Fagerdalsknappen
  5. Nasen på Skaget
  6. Gravfjellet
  7. Snaue Høgde
  8. Øystre Saurshovd
  9. Løkjishøvda
  10. Løyntjerntinden
  11. Rundemellin
  12. Skarvemellin


Det er 21. gongen vi registrerer kven som har gått ti toppar eller fleir, og i år var dette 205 personar. Dei får ein blå buff i premie. I tillegg får alle barn ein fjellstafett-pin.

Henting av premiar

Premien kan hentast i resepsjonen på Tingvang frå 11.12.23. 

Dei som no har delteke i Fjellstafetten i fem år og vore på minimum 10 toppar kvart år, får ei lysblå t-skjorte. Dei som har delteke i 10 år og vore på minimum 10 toppar kvart år, får ei raud t-skjorte. Dei som har delteke i 15 år får ei grå t-skjorte, og dei som har delteke i 20 år får ei blå/turkis t-skjorte.

Skulekonkurranse

Nytt i år var at vi la opp til konkurranse mellom alle skuleklassane i Øystre Slidre. 3.klasse på Rogne skule vann skulekonkurransa. Det var 35 % deltaking i denne klassen. Dei får ein pengepremie på kr. 4000. Pengepremien skal brukast på ein sosial aktivitet for heile klassen.

3.klasse ved Rogne skule vann skulekonkurransa - Klikk for stort bilete3.klasse ved Rogne skule vann skulekonkurransa. Øystre Slidre fjellstyre

 

 

 

 

 

 

 

20 barn fekk hovudlykt som uttrekkspremie.

Rogne skule - vinnere av hodelykter - Klikk for stort bileteRogne skule - vinnere av hovudlykter. Øystre Slidre fjellstyre

Vi har gått heilt bort i frå bøker, difor er det ikkje trekt premiar blandt dei som har vore på toppane. I år kunne turmåla registrerast digitalt på TellTur.

Lidar Skule - vinnere av hodelykt  - Klikk for stort bileteLidar skule - vinnere av hovudlykter. Øystre Slidre kommune