Overgang til ny telefonløysing

Øystre Slidre kommune har teke i bruk ny telefonløysing der kontortelefonar er bytta ut med mobilar.

Dette skal du som innbyggjar forhåpentlegvis ikkje merke så mykje til, du kan framleis bruke fleire kjente telefonnummer.

Du når framleis kommunen på 61 35 25 00, legekontoret på 61 35 29 00 og Helsetunet på 61 34 28 70. 

Dei fleste av våre saksbehandlarar har fått nye mobilnummer. Kontaktopplysningar er oppdatert her på nettsida. Du kan ringe sentralbordet for å bli satt over til rett person.

Ny telefontid for sentrabordet på Tingvang

Frå 01.11 vil sentralbordet ha ny opningstid, kl.09.00 - 15.00 måndag - fredag.