Øystre Slidre får ikkje akuttmottak ved første tildeling

Rådmann Jostein Aanestad fekk onsdag kveld melding om at UDI ikkje har tildelt akuttmottak til Øystre Slidre i første omgang.

Som tidlegare annonsert, inngjekk kommunen måndag 7. mars avtale med Hero Norge AS om å stille lokale til disposisjon til akuttinnkvarteringar av flyktningar frå Ukraina. I samband med dette vart det  sett i gang eit arbeid med å klargjere sjukeheimen og dei kommunale bustadane i Moavegen som ikkje er i bruk, for innkvartering av til saman 150 flyktningar.

Avtalen med Hero Norge AS gjeld frå 24. mars, og UDI har no bestemt at det ikkje blir etablert eit akuttmottak i Øystre Slidre kommune i denne omgangen. Kommunen har meldt frå om at vi framleis er interesserte i å etablere mottak, og vi vil difor halde fram med å klargjere bygningen for på kort varsel å kunne etablere eit mottak, om vi skulle få ein førespurnad om dette.

Det er mange som har stilt opp og gjort ein stor innsats med rydding og vasking av den gamle sjukeheimen og leilegheitene i Moavegen. Dugnadsarbeidet som er lagt ned, er heilt avgjerande for at vi i Øystre Slidre skal vere klar for å ta i mot flyktningar frå Ukraina. Vi ynsker med dette å rette ein stor takk til alle dykk som har bidrege, slik at vi kan hjelpe nokre av dei som har måtte flykte frå krigen i Ukraina.

Vi opplever at innbyggjarane i kommunen har eit stort ynskje om å bidra, og vi ynskjer framleis hjelp av friviljuge til dette arbeidet. Liv Vingdal ved Frivilligsentralen er koordinator for det friviljuge arbeidet, og dei som ynskjer å delta i dugnaden kan ta kontakt med Liv på telefon 976 05 755 i kontortida (mellom kl 8 og 16).

Fleire har meldt om at dei har møblar og liknande som vi kan få. Kommunen har no eit behov for møblar og kvitevarer (komfyr/kjøleskap/frysar) til leiligheitene i Moavegen 43. Om du har møblar eller kvitevarer som du kan avsjå, ta kontakt med Liv Vingdal på telefon 976 05 755 i kontortida (mellom kl 8 og 16).