Øystre Slidre kommune har fått kr. 250 000 til kunst på nye Helsetunet

Det nye Helsetunet skal stå ferdig i november i år. Eit kunstutvalg er i arbeid med å planlegge både ny kunst og vidareføring av eksisterande kunst. Dei har søkt KORO om støtte.

KORO er ein organisasjon under Kulturdepartementet, som skal bidra til at flest muleg skal få oppleva kunst av høg kvalitet der folk ferdast og oppheld seg.

Vi har søkt om to prosjekt; eit utandørskunstverk ved inngangspartiet og eit videokunstprosjekt innandørs - og i dag (27.03) kom gladmeldinga; KORO har støtta videokunstprosjektet med kr.250 000.-!