Øystre Slidre kommune sin næringspris for 2019 går til Bakke Maskinservice AS

Det er ei glede for Øystre Slidre kommune å kunngjere at næringsprisen i 2019 går til Bakke Maskinservice AS.

Bakke Maskinservice er ei bedrift med fem tilsette som held til på Raubrøtmoen på Heggenes. Odd Einar Bakke starta bedrifta allereie i 1980. Sia har sonen Øyvind og dottera Kristin vorte medeigarar.

Dei sel kvalitetsmaskiner til skog og hage, som grasklypparar, aggregat, motorsager, ryddesager, trimmarar og snøfresarar. Dei har eige verkstad, og tek også enkelte bilreparasjonar, samt service på Valtra traktorar.

Bakke Maskinservice er kjende for å vera svært hjelpsame og imøtekomande. Eller som ein kunde har uttrykt det på facebooksida deira: «Topp service, topp produkter og topp kompetanse»!

Kommunestyret var på bedriftsbesøk torsdag 21.11 og overraska Bakke Maskinservice AS med kommunen sin næringspris for 2019. Prisen er eit keramikkfat frå Ester Schenker. På biletet ser vi dei tilsette hjå Bakke Maskin med kommynestyrerepresentantane i bakgrunnen.