Øystre Slidre kommune sin næringspris for 2020 går til Atle Hovi

Atle Hovi, direktør i Beitostølen Resort, er tildelt Øystre Slidre kommune sin næringspris for 2020.

Atle er det ein kan kalle ein frontfigur for reiselivet i Øystre Slidre, Valdres og fjell-Noreg. Han har i ei årrekkje jobba og ivra for utvikling av det lokale reiselivet og Beitostølen som heilårsdestinasjon. Atle er ein blid kar som er positiv og entusiastisk til alle døgnets tider, og han set alltid kundane i fyrste rekke. Han er ein rutinert og kreativ næringslivsmann, som også nyttar utradisjonelle marknadsføringsteknikkar, til dømes deling av heimelaga «spelefilmar» på nett og gratis hotellrom til den som slår han i parallellslalåm, for å fylle hotellsenger. Jobben han gjer er viktig for heile bygda, og legg grunnlag for lokale arbeidsplassar, handel og utvikling.

Kommunen er stolt og set stor pris på den positive tilnærminga prisvinnaren synte i vinter/vår då næringa måtte stenge ned på Beitostølen og elles i landet på grunn av Covid-19, og korleis han som foregangsfigur for norsk reiseliv utstrålte optimisme og entusiasme ovanfor den komande turistsesongen i ei periode dei fleste andre var negative og skeptiske. Den offensive hotelldirektøren sin bodskap nådde langt utanfor Valdres, og fekk god merksemd frå nasjonale medier.

Under nedstenginga flytta Atle og familien inn på Radisson-hotellet på Beitostølen og tok på seg alle oppgåver for å halde hotellet i orden og klart til gjenopninga i juni. Holdninga Atle synte utad har vore viktig for å skape blest kring Beitostølen og reiselivet i regionen inn mot denne sumaren, hausten og vinteren, og er nok ein av årsakane til at lokalt og nasjonalt reiseliv fekk ein så god sumar som det gjorde. 

Øystre Slidre kommune gratulerer Atle med prisen. Prisen vart delt ut på prisvinnaren sin heimebane, Radisson Blu Mountain Resort på Beitostølen, torsdag 3.desember.