Øystre Slidre kommune støttar årets TV-aksjon

TV-aksjonen 2019 går til CARE sitt arbeid for å skape eit bedre liv for kvinner som lever i nokre av dei mest sårbare områda i verda. Øystre Slidre kommune har støtta aksjonen med kr.12 000.-.

TV-aksjonen skal gje moglegheit for kvinner til å tjene sine eigne penger, bestemme over eigen kropp og få si røyst høyrd.

Lokalt er det Øystre Slidre Rotaryklubb som er ansvarlege for innsamlingsaksjonen og 20. oktober kjem bøssebærarane rundt.

Ordførar Odd Erik Holden oppfordrar alle til å støtte årets TV-aksjon.

Ordførar Odd Erik Holden og Arnstein Alund, president i Øystre Slidre Rotaryklubb, med sjekken frå Øystre Slidre kommune.