Øystre Slidre sin næringspris for 2018 går til VYRK

Det er ei glede for Øystre Slidre kommune å kunngjere at næringsprisen for 2018 går til VYRK.

Vyrk er ei industribedrift med over ti års erfaring. Dei har bygd opp ei produksjonslinje på fabrikken i Rogne der dei beisar og målar kledning, panel og listverk før montering. VYRK er profesjonelle på marknadsføring og sal, sel i nærområdet, men også langt utanom regionen. Dei har til dømes nyleg kjøpt seg inn i Trysil interiørtre AS.

VYRK har vorte kåra til gasellebedrift 3 år på rad, vart årets bedrift i Valdres i 2015, og er Miljøfyrtårn-bedrift med fokus på kvalitet og reine, norske råvarer.

Komiteen var samstemte i at VYRK AS er ei bedrift vi set stor pris på, og vi er heldige som har slike innovative og ekspansive verksemder i vår kommune. Prisen vart overrekt i samband med kommunestyremøtet 29.11. Overrekkinga vart gjort på verksemda og var ei gledeleg overrasking.

Vyrk - Klikk for stort bilete