På tide å hente premiar for Sommarles

No er Sommarles over for denne gongen, og det har vore ein flott lesesommar. 86 barn og unge i Øystre Slidre var med. Dei las 899 bøker og i alt 108474 sider! Premiar vart levert ut for kvart nivå dei kom på. Det er framleis ein del som ikkje har henta premiane sine, og dei er hjarteleg velkomne til å hente dei på Øystre Slidre folkebibliotek på Tingvang. Ein får premie for kvart tiende nivå, inntil 5 premiar kvar. Og så er det berre å halde fram med å låne og lese, kanskje les du endå meir neste sommar, viss du legg deg i hardtrening i vinter!