Barnehagar i kommunen
Barnehagetilbodet i kommunen er fordelt på to kommunale og ein privat barnehage.
Det er tilbod om 3, 4 og 5 dagars plass i alle barnehagane. For 3- og 4-dagars tilbod kan det søkast om alternative dagkombinasjonar.
Barn som har fast plass, treng ikkje å søke for å behalde plassen dei har. Dersom det er ønskje om endring av opphaldstid, må søknad sendast inn.
Nytt barnehageår startar 17.august 2026.
Meir informasjon ligg under menyen "Barnehage"
Retten til barnehageplass
Barnehageloven, § 16:
Barn som fyller ett år senest innen utgangen av august det året det søkes om barnehageplass, har etter søknad rett til å få plass i barnehage fra august.
Barn som fyller et år i september, oktober eller november det året det søkes om barnehageplass, har etter søknad rett til å få plass i barnehage innen utgangen av den måneden barnet fyller ett år.
Barn har rett til barnehageplass i den kommunen der er bosatt. Søknad må sendast inn seinast 15.02.2026.
Her finn du meir informasjon om retten til plass i barnehage og svar på ofte stilte spørsmål
Slik søker du plass i barnehage
Du søker om plass i barnehage via Visma Flyt barnehage sin foresattportal. Du må logge inn med bankID.
Du kan søke om plass i alle tre barnehagane. NB i søknadsskjemaet er det barnehagane du set som 1., 2. og evt.3. val, ikkje plasstypen. Dersom du ønsker tilbod om andre plasstypar i valde barnehagar, kryssar du av for det i skjemaet.
Her søker du om plass i barnehage
Søknadsfrist
Søknadsfrist er 15.februar.
Søknader sendt inn etter fristen vil ikkje bli behandla i hovudopptaket.