Plassar i barnehage og SFO frå hausten 2020

Du kan nå søke om plass i barnehage og SFO frå hausten 2020. Søknadsfristen er 1.mars.

Barnehage

Barnehagetilbodet i kommunen er under omstrukturering, det er ikkje mogleg å søkje plass i Tingvang barnehage frå og med nytt barnehageår.

Det er tilbod om 3, 4 og 5 dagars plass i alle barnehagane.

Barn som har fast plass, treng ikkje å søke for å behalde plassen dei har. Dersom det er ynskje om endra tilbod, må søknad om endring av plassen sendast inn.

Nytt barnehageår startar 15.august 2020.

Meir informasjon ligg under menyen "Skule og barnehage".


Informasjon om Heggebø Friluftsbarnehage finn du her.

 

Skulefritidsordning - SFO

  • Lidar skule har tilbod om SFO etter skuletid kvar dag
  • Rogne skule har tilbod om SFO før og etter skuletid kvar dag
  • SFO fylgjer skuleruta. Ein må søke om plass i SFO for kvart skuleår
  • Skulestart er måndag 17.august 2020

Meir informasjon ligg under menyen "Skule og barnehage".

Slik søker du plass i barnehage og SFO

Elektronisk søknadskjema finn du her.

Alle som er folkeregistrerte som busette i Øystre Slidre kommune må logge inn med ID-porten. Husk å ta en sjekk på kontaktinformasjonen din og oppdater det som ikkje stemmer.

Etter å ha logga inn vel ein fane "Barnehage" eller "SFO", vel einingar ein vil søkje til og startar utfylling av søknad.

Kontaktinfo

Inger Gjølgali
Sekretær
E-post
Telefon 61 35 25 55