Presentasjon av Fly´a folkehøgskule

Klikk for stort bileteØystre Slidre kommune har søkt om å få etablera ein ny folkehøgskule på Heggenes.  

Folkehøgskulen vil ligga i bygget på oversiden av Heggenes sentrum (den gamle sjukeheimen) og vil vera ein skule for alle unge mellom 18-30 år

Vi har inngått eit samarbeid med Egmont Højskole i Danmark og Noregs E-sportforbund/NIF. Skulen vil vera for ca 120 elevar, der 30-40% kan ha ulike funksjonsvariasjonar.  

Hovudfaget vil vera digitale evner og nettverk, med 3 hovudretningar; 

  • Leiing
  • E-sport
  • Sport inkl. paraidrett.

Alle linjer skal ha systematisk trening som fokus og alle elevar skal organiserast i sjølvstyrte team.  

Det er eit stort og risikofylt prosjekt, men lykkast vi vil vi ha eit utruleg bra tilbod til unge frå heile landet. Og vi vil få nye og spennande arbeidsplassar i kommunen.  

På denne videoen kan du høyra prosjektleiar Anni Onsager fortelja om heile prosjektet:

Om du vil høyra meir eller har noko du vil formidla av forslag eller spørsmål, ta kontakt med prosjektleiar på 934 34 111, anni.onsager@oystre-slidre.kommune.no.