Kirsten Flagstad har vore frivillig i besøkstenesta i Øystre Slidre Røde Kors sidan 2016 og er besøksvenn med hund. No har ho òg fått ny hun godkjent.
Røde Kors rosar Kirsten Flagstad sitt arbeide, dette vart sagt ved overrekkinga av prisen: "Kirsten gjekk trufast på besøk med godkjent besøkshund på Kvileheimen i mange år, og då alt vart flytta over til Helsetunet, følgde Kirsten og hundane med dit. I Øystre Slidre Røde Kors er vi veldig glade i og stolte av Kirsten. Eg (Marit Blomlie) fekk vera med henne på besøk på Kvileheimen for nokre år sidan. Det var flott å sjå kor flink Kirsten er med hundane i møte med dei eldre, og den kontakten både Kirsten og hundane får med bebuarane er gull verdt. Å sjå auge lyse av glede, og smil som kjem fram når Kirsten kjem med hund på besøk, gjer godt i sjela!
Vi i Øystre Slidre Røde Kors er særs takksame for den jobben ho gjer som frivillig besøksven med hund! Å vera eit medmenneske og besøke eldre i deira kvardag er ei viktig oppgåve ho gjer på vegne av både seg sjølv og Røde Kors!! Både eldre og yngre treng mellommenneskeleg kontakt, og det å koma med ein hund eller to på besøk, lyser opp kvardagen for alle! For eldre som kanskje sit mykje aleine, kan det vera ekstra hyggeleg å få besøk av både tobeinte og firbeinte. Kirsten og hundane hennar spreier glede! Og det aller beste med å spreie glede, er at glede er «smittsamt». Gleda lyser opp kvardagen både for den som får besøk og den som kjem på besøk! Eller som ordtaket seier: Den største gleda ein kan ha, det er å gjera andre glad! Tusen takk til Kirsten!
Kirsten Flagstad fekk prisen for 2025. F.v. Tove Grethe Kolstad, Kristen Flagstad med hunden Minnie, Randi Enget. (Tove Grethe og Randi representerer Rådet for menneske med nedsatt funksjonsevne).
Tove Grethe Kolstad
Om prisen
Rådet for menneske med nedsatt funksjonsevne deler årleg ut eit diplom til nokon som har utmeka seg særskild når det gjeld å leggje til rette for menneske med nedsett funksjonsevne gjennom universiell utforming eller ved å leggje til rette det fysiske, psykososiale eller digitale miljøet. Dette viser haldning og atferd gjer at alle kan oppleve seg fullt integrert og respektert.
Tove Grete Kolstad