Satsar stort på Furustrand - skal bli ein heilårsarena for alle - Øystre Slidre kommune

Satsar stort på Furustrand - skal bli ein heilårsarena for alle

Kommunen set no i gang ei omfattande oppgradering av friområdet Furustrand. Med nye brygger, badstove og betre tilrettelegging ligg alt til rette for meir liv og aktivitet – året rundt.

Furustrand på Heggenes har dei siste åra fått eit løft gjennom fleire tiltak. Dagsturhytte, turveg langs Heggefjorden og betre trafikkløysing har allereie gjort området meir tilgjengeleg. No tek vi neste steg i utviklinga, der målet er å legge til rette for meir aktivitet for alle aldersgrupper, og for ein større del av året, ikkje berre på fine sumardagar. 

Del av større plan

Oppgraderinga er ein del av utviklinga av kommunesenteret Heggenes–Tingvang. Ei moglegheitsstudie frå 2020 peika på Furustrand som eit område innbyggjarane set særleg stor pris på. No blir det satsa vidare for å gjere området endå meir attraktivt som møteplass og aktivitetsområde.

Nye fasilitetar

I løpet av sumaren startar arbeidet med å fornye bryggjeanlegget. Planen omfattar fleire nye tiltak, som nye brygger, flytande utsettingbrygge for kano og kajakk og ein nedsenka «badebinge» for personar med nedsett funksjonsevne. I tillegg kjem ei ny badstove i tilknyting til brygga som vert tilgjengeleg for bruk heile året.  

Oppgradering av kiosk og toalett

Kioskbygget på området skal også rustast opp og få nytt kjøken. Dette skal gi betre høve til servering både under arrangement og i sumarsesongen. Samtidig blir det etablert to nye toalett med universell utforming.
Det kjem også eit eige lagerbygg for Utstyrssentralen, som vil huse eit større utval av aktivitetsutstyr for vassaktivitet og andre aktivitetar på området. 

Delar av Furustrand blir stengde i sumar

Anleggsarbeidet vil påverke bruken av området i sumar. Delar av Furustrand blir avsperra, og kommunen vil ikkje organisere kioskdrift eller utlån av utstyr denne sesongen. Vi vil likevel legge til rette for at besøkande skal ha glede av Furustrand også i anleggsperioden, og håpar på mange varme og solrike dagar ved Heggefjorden. 

 


Prosjektet for oppgraderinga ved Furustrand er støtta av Sparebankstiftelsen Øystre Slidre, og delfinansiert med spelemidlar. Arbeidet blir utført av entreprenørselskapet Valdresbygg/Veidekke og er venta ferdig på seinhausten. Den fulle effekten av oppgraderinga vil ein likevel fyrst sjå summaren 2027, når alle tilboda er på plass og klare til bruk.
 

Prosjektleiar : Hans Kristian Syversen