Satsar vidare innan Bolig for velferd med millionstønad

Auka samarbeid, utjamna forskjellar og redusert utanforskap i ei kommune der alle skal ha ein trygg stad å bu. 

Prosjektgruppa - Bolig for velferd Øystre Slidre kommune satsar vidare innan Bolig for velferd med millonstønad.

Tildeling og bustadkontoret vart etablert 01.01.2021, med ei målsetning om ein meir målretta og effektiv boligsosial / boligpolitisk håndtering i Øystre Slidre kommune. Som ein del av dette har kommunen siste året delteke i nettverket Bolig for velferd Innlandet saman med 21 andre kommunar i fylket, Statsforvalteren, Fylkeskommunen, Nav Innlandet og Husbanken Øst. Nyleg kom gladmeldinga om at prosjektet er tildelt 1 070 000 kroner i Skjønnsmidlar.

Vi har eit ynskje om å betre den interne samhandlinga rundt bustadarbeidet i kommunen og etablerte i 2021 prosjektet Bustad for Velferd. Målet er at gjennom samarbeid med andre kommunar og eksterne aktørar vil, vi evne å sjå boligsosialt arbeid og innsatsen mot vanskeligstilte betre i samanheng og kunne vera ein samarbeidspartnar for andre kommunar. På sikt er målet at vi går frå prosjekt til at Bustad for velferd er ein implementert strategi i kommunen.

Øystre Slidre er den einaste kommunen i regionen som deltek i satsinga. Vi ynskjer å utfordre oss sjølv og vårt arbeid gjennom å invitere eksterne samarbeidspartnare inn i utforminga og utviklinga av vårt framtidige tilbod på området. 

Det er internt rekruttert prosjektleder, etablert prosjektgruppe, styringsgruppe og oppnemnt prosjektkoordinator. Det er i tillegg stor politisk merksemd på området. Det er gjennomført omfattande kompetanseheving i form av kurs, fagdagar, regionale og lokale samlingar samt nye og betre samhandlingsfora og arenaer. Vi går no frå planlegging og over i eit kartlegging og  tiltaksfase i prosjektet. 

Vi har forventningar til at vidare deltaking i programmet vil gje: 

  • Betre velferd og ein betra busituasjon for dei vanskelegstilte i Øystre Slidre kommune.
  • Ein utvikling av tilgjengelege bustadar i tråd med ynskjer og behov i befolkninga med målsetning om fortsatt godt og aukande omdømme for rekruttering og tilflytting.
  • Betre tilgang på relevante bustader i kommunen.
  • Ein meir samordna bruk av dei bustadsosiale verkemidla i kommunen
  • Betre samordning av det bustadsosiale arbeidet intern og med eksterne instansar
  • Læring frå andre kommunar, Statsforvalteren, fylkeskommunen, Nav og husbanken
  • Optimalisere samarbeidet med NAV
  • Auka brukarmedverknad

Det er avgjerande for prosjektet at vi treff med tiltaka. For å sikre dette, arbeidar vi no mellom anna med ei innbyggerkartlegging på området. 

 

Prosjektkoordinator Mari Nysveen

Kontaktinfo

Mari Nysveen
Prosjektkoordinator Bolig for velferd
E-post
Mobil 91 62 92 70