Semje om kompensasjon i samband med grensejustering i Skjel

Kommunestyra i Øystre Slidre kommune og Vestre Slidre kommune har sett ned eit forhandlingsutval samansett av ordførar og rådmann i kommunane, for å drøfte økonomisk kompensasjon i samband med grensejustering i Skjel. Økonomisk kompensasjon ved grensejustering er eit komplekst tema. Drøftingane har vore konstruktive og målretta.

Klikk for stort bileteForhandlingsutvalet er i dag 5. feb. blitt samde om ein kompensasjon for inntektsbortfallet for Vestre Slidre kommune i samanheng med grensejusteringa i Skjel. Forhandlingsutvalet er samde om at Øystre Slidre kommune skal betale ein eingongskompensasjon på 13,75 mill. kroner til Vestre Slidre kommune som følgje av grensejusteringa i Skjel. Rådmennene vil no fremje ei felles kommunestyresak som vert handsama i dei respektive kommunane 18. februar. Kommunane vil kome attende med meir informasjon når felles kommunestyresak vert lagt fram.

Kontaktpersonar:

Ordførar Haldor Ødegård, tlf. 915 74 316

Ordførar Odd Erik Holden, tlf. 952 11 068