Det betyr at det er forbode med open eld, som til dømes bål, eingongsgrill, turkjøken og bålpanner i skog og utmark.
Vind, tørr vegetasjon og tørt jordsmonn er faktorar som aukar brannfaren. Sjølv om ein tenner opp på ubrennbar grunn, kan glør ofte fly langt av garde og antenne vegetasjonen rundt. Det kan vere store variasjonar i brannfare frå stad til stad, også i same område.
Det er den som tenner opp som har ansvaret dersom det byrjar å brenne. Dette gjeld òg ved bruk av tilrettelagde bållassar. Din eld - ditt ansvar.
