SMIL-midlar Spesielle miljøtiltak i jordbruket

Øystre Slidre har vedteke ein SMIL-strategi for kommunen. Denne strategien bygger på nasjonale retningsliner, men gjev rom for ein del lokale tilpassingar.

Gjeldande SMIL-strategi for Øystre Slidre kommune finn du her. (PDF, 846 kB)

Det er i strategiplanen prioritert å støtte tiltak i slik rekkefølgje (frå høg til låg):

  • Kulturlandskap
  • Avrenning til vatn
  • Kulturminne og kulturmiljø
  • Biologisk mangfald
  • Utslepp til luft
  • Friluftsliv
  • Plantevern

Jordbruket i Øystre Slidre kommune skal ta vare på produksjonsgrunnlaget, redusere ureining og utslepp av klimagassar, oppretthalde eit variert og opent kultur- og stølslandskap, samt bevare og utvikle natur- og miljøverdiane gjennom aktiv skjøtsel og god agronomisk tilpassing. Gamle og verneverdige bygg, som treng vedlikehald, er aktuelle støtteobjekt. Det same er mindre investeringsprosjekt på stølane, som t.d. bygging av mjølkerom, tilrettelegging for mjølkehenting og anna. Meir utfyllande om ulike aktuelle tiltak finn du i dokumentet for kommunen sin SMIL-strategi.

Kommunen prioriterer mellom ulike hovudområde, tema/tiltak eller grupper av søkjarar. Tilskotsprosenten for tiltak varierar innan ulike tema. Tiltak av plankarakter har høg prosent. For å stimulera til fellesløysingar er tiltaksprosenten høgare der enn for enkelttiltak.

Søknadar levert innan 1. juli 2020 blir prioritert.

Ein søker om SMIL-midlar på elektronisk søknadsskjema.

Kontaktinfo

Gustav Fystro
Jordbrukssjef
E-post
Telefon 61 35 25 00
Mobil 91 00 44 68