Kommunen vil arbeide for å få på plass eit nytt tilbod frå hausten 2026. Vi søkjer no nye lag eller organisasjonar som er interesserte i å overta samarbeidet. Alternativt må vi vurdere ei ordning der vi som kommune tek ansvaret for organiseringa, og tilset lønna badevakter.
Tilbodet om bading er eit godt folkehelsetiltak og er svært viktig for å styrke symjeopplæringa, og for å gjere barn og unge trygge i vatn. Vi ynskjer no tilbakemelding frå lag og organisasjonar eller privatpersonar som er interesserte i å bidra til å oppretthalde tilbodet. Modell for organisering, omfang av tilbodet, samt nye rutinar for opplæring og sikkerheit vil bli utarbeida i samarbeid mellom kommunen og den/dei som ynskjer å overta ansvaret.
Kontakt tenesteleiar for kultur, Øystein Skattebu, ved innspel eller interesse.
Vi nyttar høve til å informere om at det er ope bading på Beitostølen Helsesportsenter onsdag kveld, og laurdag på dagtid. Informasjon om offentleg bading på Beitostølen Helsesportsenter finn du her