Tilbod om ferieSFO i Haustferien

Det er tilbod om ferieSFO i haustferien, veke 41. Ordinga er lokalisert to dagar på Lidar skule og ein dag på Rogne skule.

Det er tilbod om ferieSFO desse dagane:

  • Måndag 11.10 på Lidar skule
  • Tysdag 12.10 på Lidar skule
  • Onsdag 13.10 på Rogne skule

Opningstid 08.00 - 15.30, med ei kjernetid frå 09.30 - 14.00. Det betyr at barna må vere levert før kl.09.30 og tidlegast kan bli henta kl.14.00

Det blir inne- og uteaktivitetar. På Lidar blir det tur i nærmiljøet og formingsaktivitet. På Rogne blir det bakedag.

Program for dagane

Program for dagane finn du her (PDF, 2 MB)

Påmelding

Ordninga med ferieSFO er open for elevar i 1.-4.klasse og elevar i 5.-7.klasse med særskilte behov. For at det skal bli eit tilbod må det vere minst 5 barn påmeldt.

Pris kr.250.- pr.barn pr.dag, det er ingen søskenmoderasjon. Påmelding er bindande.

Påmelding via elektronsk skjema innan 27.september
Påmeldingsskjema finn du her

Har du spørsmål, ta kontakt med rektorane.

Kontaktinfo

Are Alund
Rektor Rogne skule
E-post
Telefon 61 35 24 80
Mobil 99 73 41 75