Tilbod om haustferie-SFO ved Lidar skule i veke 41
Det er tilbod om haustferie-SFO ved Lidar skule i veke 41, måndag, tysdag og onsdag. Påmeldingsfrist er 20.september.
Om tilbodet
SFO i skuleferiar er for elevane ved båe barneskulane i kommunen.
- Opningstid er 08.00 - 15.30.
- Ordinga er open for alle elevar i 1. - 4.klasse og for elevar med særskilte behov i 5. - 7. klasse.
- For at det skal bli eit tilbod, må det vere minst 5 barn påmeldt til kvar dag.
- Pris kr.250 per dag barnet skal vere der, ingen søskenmoderasjon.
- 1.-3. klassingar har 12 timar gratis SFO i veka, ein dag tel som 7, 5 timar etter opningstida. Gratistimar blir trekt i frå ved fakturering.
- Det blir informert om tilbodet og påmeldingsfrist via Visma skule-appen.
- Påmelding er bindande.
Program for ferie-SFO
Programmet for ferie-SFO vil bestå av inne- og uteaktivitetar og vil bli lagt fram for dei påmeldte for oppstart.
Påmelding
Påmelding innan 20.september.
Her kan du melde på til haustferie-SFO
Publisert 20.08.2026 13.51