Tilbod om SFO i sommarferien

Øystre Slidre kommune tilbyr ferie-SFO i veke 26 og 33. Tilbodet er ope for elevar ved båe barneskulane.

Om ferie-SFO

  • Opningtid kl.08.00 - 15.30.
  • Pris per dag per barn kr.250, mat er ikkje inkludert.
  • Ordninga er ope for alle elevar i 1. - 4.klasse og for elevar i 5. - 7. klasse med særskilte behov.
  • 1., 2. og 3.klassingar har 12 timar gratis SFO i veka, ein dag tel som 7, 5 timar etter opningtida.
  • For at det skal bli eit tilbod må det vere minst fem påmeldte til kvar dag.
  • NB tilbodet er ikkje for skulestararar hausten -26, dei kan behalde sin plass i barnehage til 14.august.

 

Programmet for dagane vil bestå av inne- og uteaktivitetar og vil bli lagt fram for dei påmeldte i god tid før oppstart.

Sommar-SFO 2026

Rogne skule veke 26 (22.-26.juni).

Lidar skule veke 33 (10.-14.august).

Påmelding

Skjema for påmelding finn du her

Bindande påmelding innan 23.april.

Kontaktinfo

Inger Gjølgali
Sekretær
E-post
Telefon 61 35 25 00
Mobil 90 12 84 76