Tilrettelegging av besøk på sjukeheimen

Øystre Slidre sjukeheim opnar for besøk på sjukeheimen i tråd med nasjonale smittevernfaglege råd frå 4. juni kl 0800. Besøkande skal kontakte sjukeheimen på tlf. 61 34 28 70 for avtale tidspunkt for besøk. Dei besøkande skal ikkje ha luftvegssymptom, eller ha vore i kontakt med personar med kjend covid-19 smitte, eller vera i heimekarantene.

Besøkande skal følgje gjeldande rutinar og smittevernråd som i hovudsak er desse:

  • Det er viktig at alle besøkande utfører handhygiene ved ankomst, også ved besøk utandørs.
  • Besøkande skal gå direkte til og frå rommet og ikkje opphalde seg i fellesareal.
  • Besøkende skal halde minst 1 meters avstand til ansatte og andre pasientar/bebuarar enn den dei besøker.
  • Pasientar/bebuarar kan ta imot gåver, blomar og liknande. Det er ikkje behov for spesielle forholdsreglar, men viktig å følge generelle råd for håndhygiene, då dette vil forebygge indirekte kontaktsmitte.
  • Hvis besøkende har med mat skal alle utføre handhygiene før maten serverast og inntas. Besøkande skal ikkje nytte kjøken i institusjonen.
  • Når dei besøkande skal reise skal bebuar ringe på alarmen og dei besøkande skal vente på rommet til tilsett følgjer dei ut. 
  • Pasient/bebuar skal utføre handhygiene når dei besøkande forlet rommet.