Tilskot til aldersvenleg oppgradering av bustadEr du 75 år eller eldre og ønskjer å gjere bustaden meir tilgjengeleg, trygg og funksjonell slik at du kan bu heime lenger? Husbanken har etablert ei tilskotsordning for aldersvenleg oppgradering av eigen bustad. Tilskotet skal bidra til at fleire kan tilpasse bustaden til endra behov og oppretthalde ein trygg og sjølvstendig busituasjon.Kva kan du få tilskot til?Tilskotet kan nyttast til tiltak som gjer bustaden meir tilgjengeleg og brukarvenleg. Døme på tiltak kan vere:Betre tilgjengelegheit ved inngang og tilkomstUtbetring av bad og andre viktige romFjerning av tersklar og andre viktige hindringar Det blir berre gitt tilskot til nye tiltak som ikkje er sette i gang eller gjennomførte før søknaden er behandla.Kor mykje kan du få?Det kan søkjast om tilskot på inntil 75 000 kroner. Tilskotet kan dekkje inntil 25 prosent av godkjende kostnader.Søknadsskjema og meir informasjon om ordningenDu finn søknadsskjema og meir informasjon på Husbanken si nettside husbanken.noDu kan søkje om tilskot til aldersvenleg oppgradering av bustad frå 21.september.Treng du hjelp?Sjølv om det er Husbanken som behandlar søknadene, kan Øystre Slidre kommune ved bustadkontoret hjelpe med informasjon, rettleiing og råd om ordninga og søknadsprosessen. Ta gjerne kontakt med bustadkontoret dersom du ønskjer meir informasjon om kva tiltak som kan vere aktuelle i din bustad, eller treng hjelp til å kome i gang med søknaden.Merk at Husbanken prioriterer søknader etter fastsette kriterium og tilgjengelege midlar. Fullstendige vilkår og oppdatert informasjon finn du på Husbanken sine nettsider. Publisert 14.09.2026 14.18