To tilsette ved helsetunet i karantene - sjukeheimen stengt for besøkande

Kommuneoverlege Arild Jacobsen opplyste torsdag 15. april om at to tilsette ved Øystre Slidre helsetun er sett i smittekarantene etter at ein person som har vore innom helsetunet har testa positivt for Covid -19. Institusjonsdelen på helsteunet blir også som ein følgje av dette stengt for besøkande til og med laurdag 24. april.

Den smitta var nærkontakt til ein smitta person utanfor kommunen, og er ikkje folkeregistrert i Øystre Slidre kommune. 

Kommuneoverlegen har på bakgrunn av dette sett to tilsette nærkontaktar i karantene. Desse vart testa fredag 16. april, og denne testen viste seg å være negativ. Dei to tilsette er likevel framleis i smittekarantene (i samsvar med nasjonale reglar).

Alle andre som har vorte testa så langt på bakgrunn av dette tilfellet har fått negative prøvesvar.