Tre omikrontilfelle stadfesta i Øystre Slidre

Kommunelege Arild Jacobsen opplyser at sekvensering av mistenkte omikrontilfelle i Øystre Slidre no har stadfesta at det var omikronvarianten i tre prøver i Øystre Slidre. To av desse har tidlegare vore meldt som mistenkte omikrontilfelle. 

I alle tilfella har dei smitta vore i isolasjon, og kjente nærkontaktar har vore sett i karantene i samsvar med gjeldande nasjonale reglar. 

Det er elles ikkje meldt om positive PCR-testar i kommunen dei siste to døgna (per 16. desember kl 0900).