Treffa blir haldne siste tysdag i månaden, med unntak av juli og desember, og varer frå kl. 14.15 til 15.15.
Stad: Moastogo, Øystre Slidre Helsetun.
Ein møteplass
Å vere pårørande kan vere krevjande – uansett kvar i sjukdomsforløpet ein er, og om den som er sjuk bur heime, har avlasting eller institusjonsplass. No blir det etablert eit lågterskeltilbod der pårørande kan møtast i trygge rammer.
Tilbodet er arrangert av ei frittståande styringsgruppe med Elisabeth Robsam Dahl, Toralf Baldersheim og Marit Rakstad. I tillegg er fleire lokale aktørar med som medspelarar, mellom anna Helselaget, Helsetunet, Øystre Slidre Rotary, Frivilligsentralen og gode enkeltpersonar.
Tilbod om “ventegruppe” - ta med den demenssjuke
For dei som ønskjer det, er det mogleg å ta med den som er sjuk. Det blir sett opp ei ventegruppe der dei får omsorg, noko å bite i og underhaldning medan pårørande deltek på treffet.
Påmelding
For å kunne planleggje godt, treng arrangørane å vite kven som kjem. Påmelding til Toralf, tlf 92 82 36 89, helst sundagen før treff.
Ved behov for skyss til treffet eller meir informasjon, ta kontakt med Toralf.
Bli med i fellesskapet.