Treffpunkt Heggenes

Tysdag 9.september opnar vi dagtilbodet Treffpunkt Heggenes. Eit tilbod til deg som er over 70 år, som har lyst til å koma deg ut ein tur og møte andre.

Øystre Slidre kommune

Treffpunkt Heggenes vil vere eit sosialt møtepunkt med tilbod om aktivitetar eller berre ein kaffeprat. Du får tilbod om to måltid og eventuell assistanse til ærend du har på Heggenes.

Tilbodet blir kvar tysdag og fredag, kl.09.00 - 14.00, i Moastogo på Øystre Slidre Helsetun. 

Det blir ein dagspris på kr.150 som inkluderar måltid og skyss. Kan du køyre sjølv er det sjølvsagt fint.

Påmelding

For at vi skal kunne planleggje, vil vi gjerne ha ei påmelding innan dagen før. Ring eller send sms til telefon 41 49 97 32 (08.00 - 15.00).

Vi gler oss til å møte deg!