Usikkert når vegen over Valdresflye blir opna - Øystre Slidre kommune

Usikkert når vegen over Valdresflye blir opna

Informasjon frå Innlandet fylkeskommune. Fylkesveg 51 blir ikkje opna fredag 27. mars. Arbeidet med å frese opp vegen etter vinterstenging blir hindra av dårleg ver. Verprognosane endrar seg stadig, og det er vanskeleg å seie når vegen kan opnast.

Sjekk vegmeldingane

Vi vil gjere ei ny vurdering av tilhøva på fredag, ut frå framdrifta til entreprenøren og oppdaterte verprognosar, for å finne ut når det kan bli mogleg å opne vegen etter vinterstenging, seier Håvard Ødegård, byggeleiar i Innlandet Fylkeskommune.

Når fylkesveg 51 har vorte opna mellom Bygdin i Øystre Slidre og Maurvangen i Vågå, blir han nattestengd mellom klokka 20 og 08 alle dagane i veka den fyrste tida.

Trafikantane kan finne oppdatert informasjon om opne og stengde riks- og fylkesvegar på  www.vegvesen.no/trafikk eller ved å ringe vegtrafikksentralen på nummeret 175. 

 

Illustrasjonsbilete brøyting av snø på Valdresflye - Klikk for stort bileteDet er dårleg sikt framfor hjullastaren som brukast til å frese opp fv.51 over Valdresflye no. Odd Arne Rødningen, Beitostølen Anlegg

Heile artikkelen kan du lese her på Innlandet fylkeskommune si nettside