Styret består av styreleiar Bjarne Budal, styremedlemmar er Arnstein Alund og Tove Grethe Kolstad. Dei ønskjer seg mange søknadar - er du i målgruppa?
Kven kan søkje?
Ungdom frå Øystre Slidre under 30 år som er i eit flerårig utdanningsløp på høgskole eller universitet. Innvilga søknad skal delast ut i år to eller seinare i utdanningsløpet.
Ungdom som tek utdanning innan landbruk på vidaregåande skole.
Når skal eg søkje?
Styret har sett søknadsfrist til 1.oktober 2026.
Kvar skal eg sende søknaden?
Søknaden sendast i e-post til post@oystre-slidre.kommune.no, søknaden merkast med “utdanningsstipend ØS STI”.
Når får eg svar på søknaden?
Styret behandler søknadane etter fristen og vil sende svar til alle innan 15.november.