Utdeling av ungdomsprisen 2020

Brørne Håkon (23) og Øyvind Sælid (21) er tildelt Øystre Slidre kommune sin ungdomspris for 2020, for si interesse og engasjement både for- og innan landbruket. Dei har synt stor interesse for landbruk sidan dei var små, og byrja som avløysarar alt som 16-åringar. Begge valde å ta yrkesfagleg utdanning i naturruk på Lena-Valle vidaregåande skole.

 Dei har investert i traktorar og utstyr for å kunne drive leigekøyring for andre bønder, mellom anna til pressing og pakking av rundballar. Håkon og Øyvind er kjende for å takke ja til alle førespurnader og oppdrag, der stor arbeidslyst og god arbeidsmoral er gode kjenneteikn. I tillegg er dei alltid i godt humør, og då er det triveleg å få desse karane på besøk for å få gjort unna oppdraget dei er tinga til.

I dag har dei eigen besetning med ammekyr i leigd fjøs, og dei har ambisjonar om å få sin eigen gard for å kunne drive med dyr.

Slike engasjerte unge karar som Håkon og Øyvind er særs viktige for rekrutteringa til landbruksnæringa i Øystre Slidre. Kommunen ynskjer at landbruksnæringa skal vera ei viktig å stor næring i kommunen, også framtida. Ungdomsprisen er tildelt Øyvind og Håkon på bakgrunn i den store interesse og engasjementet dei har synt så lang for landbruksnæringa, men er også meint som inspirasjon og motivasjon for å stå på vidare mot dei måla dei har innan landbruket.

Øystre Slidre kommune vil gratulere Øyvind og Håkon med prisen. Prisen vart delt ut på Sælshagane Gråtassforening si julesamling ved Vindestogo, torsdag 10.desember. Ungdomsprisen er eit stipend på 10.000kr.