Utvikling av Fjellhage på Furustrand? Invitasjon til møte om Fjellhage på Furustrand. Er du interessert i hage, dyrking og trivelege møteplassar? Utvikling av fjellhage på Furustrand?Er du interessert i hage, dyrking og trivelege møteplassar? Vi lurer på om det kunne vore ein god ide med Fjellhage på Furustrand. Vi vil gjerne høyre kva du tenkjer om det! Kom og høyr gode føredrag og del synspunkta dine. Tid og stadGapahuken på TingvangOnsdag 11.mars kl.19.00 - 21.30Dørane opnar kl.18.30, det blir lett servering før programmet byrjarProgramOrdførar Bjarne Budal informerer om ideen om Fjellhagen på FurustrandGartner Anders Norum fortel om dyrking av nyttevekstar i fjellstrøkMari Jensen Aas frå Statsforvaltaren i Innlandet forel om dyrking i fellesskap i byar og tettstader, ho vil vise oss eksempelProgrammet kan du laste ned som pdf-her (PDF, 252 kB)Spørsmål?Ta kontakt med Malin Neteland, landbruksrådgjevar i Øystre Slidre kommuen.Tlf 90 47 54 93, e-post: malin.kyrkjeeide.neteland@oystre-slidre.kommune.noBakgrunnen for arrangementet er eit tilskot Øystre Slidre kommune har fått frå Innlandet Fylkeskommune. Tilskotet skal gå til eit forstudie der vi skal undersøke moglegheita for å utvikle ein dyrkingsaktivietet på Furustrand. Publisert 26.02.2026 15.04