Varsel om HV øving i Valdres

Heimevernet har øving og det vil bli aktivitet i Øystre Slidre kommune i perioden 10.-14.november.

Om øvinga

Det blir skarpskyting frå skytebanane på Rebne og Trudvang i perioden 10. -14.november kl.08.00 - 18.00. I same tidsrom vil det bli militær øving kring Valdres Skisenter i Skrautvål og på veiaksar i Valdres. Øving vil og gå føre seg på kveld og natt.