I 2025 mottok Øystre Slidre kommune tilskot til planvask gjennom Miljødirektoratet sin tilskotsordning Natursats. Føremålet med planvask er å sikre at reguleringsplanane i kommunen er i samsvar med oppdatert kunnskapsgrunnlag om naturmangfald og naturverdiar, samt nasjonale føringar og målsetjingar. Samstundes har omsynet til naturmangfald, karbonrike areal og bevaring av myr har fått auka vekt i nasjonal areal- og miljøpolitikk.
Øystre Slidre kommune har gått gjennom eldre reguleringsplanar og vurdert om arealføremåla og føresegnene framleis er tenlege og i tråd med gjeldande nasjonale og regionale føringar om varetaking av natur.
I samband med kommunen sitt arbeid med planvask vert det med dette varsla oppstart av oppheving av desse reguleringsplanane:
- Hytteområde i Beito, B22
- Kampaberget, U35
- Fjellvang hyttegrend, U40
- Fjellbygda Beito, B56
Høve til å komme med innspel
Innspel kan sendast til kommunen i e-post til: post@oystre-slidre.kommune.no, eller i ordinær post til Øystre Slidre kommune, Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes. Fristen for å kome med innspel er 01.11.2026.
Merk innspelet med: Planvask og namn på reguleringsplan.