Vassmålaravlesning

I løpet av veke 51 blir det sendt ut SMS til dei abonnentane som skal lese av vassmålaren sjølv (ein SMS per målarnummer).

Vassmålarar - Klikk for stort bileteVassmålarar

Telefonnr blir henta frå våre system, Difi sitt kontaktregister eller frå opplysningstenesta 1881.

Slek gjer du det: Det er vassmålarstanden som skal meldast inn. Svar på SMS-en ved å oppgi tala i telleverket på vassmålaren. Start avlesning frå venstre, tal bak komma eller raude tal skal ikkje tas med. Det er viktig at du kun skriv inn tal, INGEN tekst - tekst fører til feil i systemet. Dei som har fleire målarnummer må passe på å svare på rett SMS. 

Svarfrist:
Fristen for å svare på SMS-en er 10 dagar frå du mottok den. Systemet er ope for løpande registrering til og med 10.januar 2026. Det vil bli sendt ut ei SMS-påminning i romjula.

Får eg svar på SMS-en?
Det kjem eit automatisk svar på SMS-en som stadfester at avlesninga er registrert, her ser ein og forbruk sidan førre registrering.

Kva om eg har sendt inn feil målarstand?
Feil avlesning kan korrigerast ved å sende inn avlesninga på nytt.

Kva skjer om eg ikkje svarar på den første SMS-en innan fristen?
Dersom ein ikkje svarar innan fristen, vil ein få tilsendt ein ny SMS i romjula med ny frist for å svare. Systemet er ope for fortløpande registrering til og med 10.januar.

Kontaktinfo

Ragnhild B. Steinde
Konsulent
E-post
Telefon 61 35 25 00
Mobil 90 91 93 56