Vel gjennomført seniorseminar - Øystre Slidre kommune

Vel gjennomført seniorseminar

Øystre Slidre kommune vil rette ei stor takk til alle som tok turen til seniorseminaret 4.juni.

Seminaret vart opna av kommunalsjef for helse og omsorg, Kjersti Hedalen, som ønskte alle ein lærerik og inspirerande dag. Programmet var innhaldsrikt: Valdres brann og redning delte nyttig informasjon om brannsikkerheit i heimen, medan Frisklivssentralen og fysio- og ergoterapitenesta presenterte tilboda sine og inspirerte til fysisk aktivitet og fellesskap.

Mange tok turen til seniorseminaret 4.juni Laila Kløvstad Mathisen

Det vart sjølvsagt servert både mat og kaffi, og deltakarane fekk glede av underhaldning ved Toralf Baldersheim i pausane. 

Sjukepleiar Laila Kløvstad Mathisen hadde òg eit viktig og informativt innlegg om bruk av medisinar og alkohol. Henning Engen Andersen og Catarina Quezada heldt eit spennande foredrag om velferdsteknologi og gav tankevekkjande perspektiv på framtida.

Tusen takk igjen for det gode engasjementet! Seniorseminaret vert eit årleg arrangement, og vi håpar å sjå endå fleire deltakarar i 2027.