Opninga markerer ikkje berre starten på eit nytt og tilgjengeleg tilbod i fjellet - men òg slutten på ein prosess starta fro 12 år sidan, og som no er blitt til verkelegheit. Trillestigen er no ferdigstilt, og det vi har fått på plass er noko heilt unikt: ein lett tilgjengeleg fjellsti i høgfjellet, open for fleire.
Ordførar Bjarne Budal og Hilde Ingvaldsen opna trillestigen.
Nicolay Flaaten
Frå visjon til verkelegheit
Prosjektet har vore krevjande og langvarig, men også målretta, grundig og verdibasert. Det handlar om å gjere naturen - stillheita, fiskeplassen og utsynet tilgjengeleg for fleire. Opplevingar som ikkje skal vere forbehaldne nokon få, men opne for alle.
Ei opning med innhald og varme
Nicolay Flaaten
Ordførar Bjarne Budal stod for den offisielle opninga, med ei tale som løfta fram verdigrunnlag og ansvar. Ildsjel Hilde Ingvaldsen bidrog med personlege ord og engasjement.
Vi vil rette en særleg stor takk til barne- og vaksengruppa frå BHSS som tok del i opninga - deira nærvær og engasjement var viktig for fellesskapet. Etter snorklypping og talar vart det fellestur på den nyopna stigen, ei naturoppleving mange kjem til å minnast med glede.
Trillestigen er no open for alle
Prosjektet er formelt avslutta og trillestigen er open for alle som ønskjer å nytte tilbodet. Her kan ein finne ro, utsyn og fysisk aktivitet - på eigne premiss. Stigen er eit døme på god tilrettelegging som viser kva vi meiner når vi seier at Øystre Slidre skal vere ein kommune for alle.
Trillestigen er eit bevis på at store mål kan bli til verkelegheit når vi held fast ved verdiane våre og samarbeider godt. Det er ei suksesshistorie vi som kommune er stolte av og eit døme på kva det offentlege kan få til når vi tek ansvar, lyttar og handlar.
Tusen takk til alle som har bidrege - velkommen til fjells!